I mange land blir det no arbeidd med å finne ut korleis ein skal omsette berekraftmåla i handling på lokalt nivå. Med den breie innretninga berekraftmåla har melder spørsmålet seg naturleg om berekraftig utvikling er i ferd med å bli det same som ‘politikk’? På årets Kontrollutvalskonferanse tok eg til ordet for at vi må avgrense, ikkje utvide berekraftomgrepet, for dermed å ha noko konkret å styre etter.
Målet om ei berekraftig utvikling har – i tråd med todelinga av omgrepet - eit todelt opphav. Opphavet til berekraftdelen av målet er spørsmålet om korleis ein kan hauste naturressursar (skogbruk, fiske osv.) på ein slik måte at uttaket kan vere på eit vedvarande (berekraftig) nivå på lang sikt. Etter kvart som miljøkrisa kom på dagsorden internasjonalt frå midten av førre hundreåret, vart debatten utvida til å omfatte spørsmålet om korleis løyse problem som gjeld ureining og naturinngrep. Opphavet til utviklingsdelen av målet er debatten om ei meir rettvis fordeling av økonomiske gode mellom den fattige og rike delen av verda og korleis skilje mellom grunnleggjande og meir luksusprega behov.
På 1970-talet oppstod dei første internasjonale politiske initiativa for å løyse dei globale miljøproblema, men det viste seg å vere vanskeleg å få til semje mellom det som då vart kalla industri- og utviklingslanda. Posisjonen til utviklingslanda var at miljøproblema var skapt – og difor måtte løysast - av i-landa. Det u-landa ønskte var internasjonale avtalar for å sikre ei meir rettvis fordeling av gode globalt, og då særleg at i-landa skulle betale ein høgare pris for råvarer frå fattige land. Det var denne splittinga – mellom i- og u-land – som blei forsøkt retta opp gjennom konstruksjonen av målet om ei berekraftig utvikling.
Den mest siterte definisjonen målet er «…en utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få dekket sine behov». Dette er berre ein side ved berekraftmålet, det som har fått nemninga «generasjonsrettferd». Dei følgjande presiseringane frå Verdskommisjonen blir ofte gløymt: «.. det å dekke behov, spesielt grunnbehovene til verdens fattige, som bør gis første prioritet, og idéen om begrensningene som dagens teknologi og sosiale organisering legger på miljøets muligheter til å imøtekomme dagens og framtidens behov».
Debatten etter framlegginga av Verdskommisjonens rapport i 1987 har gått langs tre aksar: Kva som skal reknast som ‘grunnleggande behov’; prioritet til dei ulike tema som til kvar tid vert lagt inn i berekraftmålet; og kor stor vekt som skal leggast på det å setje økologiske grenser for økonomisk utvikling. I sum har dette gitt grunnlag for å skilje mellom to ytterpunkt i tilnærminga til berekraftmålet: ei ‘brei og flat’ og ei ‘smal og spiss’ forståing.
Den ‘breie og flate’ forståinga omfattar mange berekrafttema (kulturell, økonomisk, sosial, miljømessig osv.), gjev liten grad av prioritering mellom ulike delmål, har liten vekt på kvantifiserte tolegrenser, er konsensusorientert, legg stor vekt på teknologiske løysingar, og er optimistisk når det gjeld å kombinere økonomisk vekst og berekraftmåla (jf. omgrepet ‘berekraftig vekst’).
Den ‘smale og spisse’ forståinga omfattar få berekrafttema (økologisk og sosial berekraft), har ein klar hierarkisk delmålstruktur, har stor vekt på kvantifiserte tolegrenser, er konfliktorientert, legg vekt på endring av forbruk i tillegg til teknologiske løysingar, og er kritisk til økonomisk vekst i den rike delen av verda (jf. omgrepet ‘degrowth).
Det viktige poenget her er at desse to tilnærmingane vil gje svært ulike konklusjonar om kva som er mest og minst berekraftig. Ifølgje Sustainable Development Index – som høyrer inn under den ‘breie og flate’ forståinga - kjem Norge ut som det tredje mest berekraftige landet, berre forbigått av Sverige og Danmark. I ei anna inndeling basert på tal frå Verdens naturfond (økologisk fotavtrykk), det internasjonale energibyrået og FNs utviklingsprogram, kjem Norge ut mellom dei minst berekraftige landa.
Som 1970-talets raddis-rockedronning frå Sverige – Marie Bergman – sang: «Ingen kommer undan politiken»; heller ikkje berekraftarbeidet.
Det er altså ikkje slik at det finst éin fagleg og politisk korrekt måte å forstå berekraftmålet, ikkje minst fordi målet (eller måla) alltid må settast inn i – og dermed tilpassast – den konkrete samanhengen der måla skal nyttast. Ulike land, ulike kommunar og ulike sektorar i samfunnet har ulike berekraftutfordringar, og dette må dei sjølv vurdere. I tillegg kjem, som vist over, at berekraftmålet kan forståast svært ulikt, også på eit overordna og generelt nivå. Som 1970-talets raddis-rockedronning frå Sverige – Marie Bergman – sang: «Ingen kommer undan politiken»; heller ikkje berekraftarbeidet.
Lenke til Kommunerevisoren nr. 4/2020: