Årsaka til at risikoen for a-krim er større i desse næringane, er at det er sjølve arbeidskrafta som blir utnytta. Å redusere tilgangen på og kontrollen over arbeidstakarar som kan utnyttast i a-krim, vil redusere kapasiteten til å drive a-krim.
Norske kommunar og andre offentlege byggherrar kjøper tenester innan bygg og anlegg for om lag 780 milliardar årleg. Det er ei rekkje krav til offentlege oppdragsgivarar i Norgesmodellen, byggherreforskriften og anskaffelsesforskriften.
Det er ei rekkje krav til offentlege oppdragsgivarar i Norgesmodellen, byggherreforskriften og anskaffelsesforskriften.
For å kunne etterleve alle krav og ønske om at offentlege oppdrag skal bidra til ei seriøs byggjenæring, er det naudsynt å byggje opp kompetanse og ressursar. Samarbeid med organisasjonar som Fair Play Bygg og andre offentlege oppdragsgivarar kan styrkje kompetansen.
A-krim er profittmotivert og definert som handlingar som bryt med norske lover om løns- og arbeidsforhold, trygder, skattar og avgifter, gjerne utført organisert, som utnyttar arbeidstakarar, eller verkar konkurransevridande, og undergrev samfunnsstrukturen.
Konsekvensane kan vera alvorlege for arbeidstakarar, men også næringane blir råka gjennom at kriminelle verksemder vinn oppdrag og marknadsdelar. Utbytte frå a-krim blir reinvestert i annan kriminalitet, ført ut or landet, kvitvaska i eigedom eller nytta til korrupsjon. Problemet er stort og har vore vanskeleg å talfeste. Samfunnet tapar fleire ti-tals milliardar, utbytte går til kriminelle aktørar.
Fair Play Bygg Oslo og omegn er ein organisasjon der både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida i næringa samarbeider mot a-krim. Årleg handsamar vi om lag 250 saker som vi sender vidare til Skatteetaten, Arbeidstilsynet, politiet eller andre tilsynsetatar.
Fair Play Bygg Oslo og omegn er ein organisasjon der både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida i næringa samarbeider mot a-krim.
Organisasjonen samarbeider også med ei rekkje offentlege byggherrar for å førebyggje og motverke a-krim. Det er sju lokale Fair Play Bygg-organisasjonar rundt om i landet.
Arbeidstakarar som ikkje får rett løn er ei typisk sak for Fair Play Bygg.
Mange av desse sakene kan definerast som lønstjuveri etter straffelova §§ 395 og 396. Men Fair Play Bygg får også saker der arbeidstakar blir utsett for press eller vald og utnyttinga er svært grov. Nokre av desse sakene er tvangsarbeid eller menneskehandel etter straffelova § 257.
Sergiu Tincaburov er ein av del av denne statistikken. Han og fire kameratar kom til Noreg frå Moldova for å arbeide i byggjebransjen sommaren 2023. Dei vart tilsette hos ein litauisk mann som på det tidspunktet var involvert i 21 konkursar i Noreg.
Fair Play Bygg hadde tidlegare levert ei rekkje varsel om mannen og selskapa han var involvert i. Vi var avhengige av å kome i kontakt med arbeidstakarar som hadde arbeidd for dette nettverket for å kome vidare. Det fekk vi hausten 2023 då Kirkens Bymisjon på Tøyen melde frå om at dei hadde blitt kontakta av bygningsarbeidarar med arbeidskontraktar i eit av selskapa i nettverket.
Etter mange månader utan løn fekk Tincaburov og kameratane trugslar frå arbeidsgivaren og dei måtte flykte. Heldigvis valde dei å oppsøkje ein hjelpeorganisasjon som kunne tilby sosialfagleg og juridisk hjelp (kjelde: nrk.no).
I dette tilfellet fekk arbeidstakarane bistand, og det gjorde det mogleg for Fair Play Bygg å kartleggje omfanget av saka og levere grundige rapportar til politiet. Arbeidsgivaren er slått personleg konkurs og har status som sikta av politiet. Tincaburov har berekna lønskravet sitt til 200 000 kroner.
Saker Fair Play Bygg Oslo og omegn har rapportert som lønstjuveri i 2024 utgjer 18 prosent av totalt 234 saker per 10. november 2024. Men det er element av lønstjuveri i opp mot 40 prosent av dei sakene vi sender inn.
Saker med lønstjuveri er vanskelege å avdekkje utan ein grundig kontroll . Kontrollen må både omfatte dokument som arbeidskontrakt, timelister og lønsslippar, men slike dokument kan manipulerast og tilpassast.
Ein bør derfor samtidig undersøkje om løn faktisk har kome inn på konto. Dette er heller ikkje alltid nok, og oppdragsgivar bør gjennomføre samtaler/intervju med arbeidstakarar, utan at ein representant for bedrifta fungerer som tolk.
I ei sak der serbiske telemontørar på oppdrag i Noreg vart utsette for omfattande lønstjuveri, hadde oppdragsgjevar gjennomført både dokumenttilsyn og intervju med arbeidstakarane. Lønstjuveriet vart likevel ikkje oppdaga før Fair Play Bygg varsla om dette.
Arbeidsgivar hadde ferdigutfylte timelister som alle viste 162 timar per månad og lønsslippen viste utbetaling i samsvar med dette, men arbeidstakarane arbeidde ofte over 240 timar per månad. Arbeidstakarane laut i tillegg betale tilbake ca. 30 prosent av løna til representantar for arbeidsgjevaren i Serbia, såkalla «payback».
Lønstjuveriet vart oppdaga då arbeidstakarane fekk krav om å betale skatt i Noreg, og det viste seg at lønstrekket på 30 prosent i heimlandet gjekk i lomma på ein i leiinga i selskapet, og ikkje til skatteinnbetaling (kjelde: frifagbevegelse.no). Denne saka førte til at telekom-entreprenøren ikkje lenger er velkommen i Noreg, men arbeidstakarane fekk ikkje erstatta lønstjuveriet og ingen av dei ansvarlege vart dømde.
Fair Play Bygg har også rapportert om ei rekkje bedrifter som sender falske opplysningar inn til offentlege register. Det dreier seg ofte om fiktive rekneskap som blir endra for at selskapet skal framstå kredittverdig, eller om falske opplysningar om kven som er dagleg leiar eller har andre verv i selskapet.
Fair Play Bygg har også rapportert om ei rekkje bedrifter som sender falske opplysningar inn til offentlege register.
Dei som blir oppførte som «stråmenn», kan vera tilsette i selskapet eller i nærståande familie. Grunnen til at reell eigar/leiar ønskjer å skjule seg, kan vera konkurshistorie eller ein dom som kan diskvalifisere vedkommande frå å kunne få offentlege oppdrag.
I somme tilfelle er det personar med stolen ID-ar som står med roller i selskapet. Det dreier seg ofte om utanlandske arbeidstakarar som har blitt offer for kyniske kriminelle som utnyttar personen til både trygdesvindel og stråmannsverksemd. Fair Play Bygg har identifisert fleire av desse fiktive daglege leiarane som potensielle tvangsarbeidssaker.
Handlingsrommet for aktørar som driv a-krim er blitt redusert som følgje av nytt regelverk, kunnskap om metodane og kontrollinnsats frå Arbeidstilsynet og Skatteetaten. Men a-krimaktørane er dynamiske, dei finn stadig nye metodar for å drive sin aktivitet.
Å utnytte arbeidstakarar gjennom lønstjuveri og ID-tjuveri er attraktive metodar der utbyttet kan bli stort.
Å utnytte arbeidstakarar gjennom lønstjuveri og ID-tjuveri er attraktive metodar der utbyttet kan bli stort. Gode kontrollrutinar og kunnskap om a-krim hos offentlege byggherrar kan avdekke og hindre at kriminelle aktørar får tilgang på offentlege anbod.
______________
Lenke til kontroll og revisjon nr. 1/2025: